Saka mi

Av Inger-Mari Eidsvik

Inger-Mari Eidsvik (midten) utenfor Høyesterett sammen med jurist Hege Orefellen (t.v.)
og advokat Stine Moen (t.h.)

 

Frå 1988 (første tvangsinnleggelse) og fram til i år, har eg slitt med å feire 17. mai… Fordi eg har sett og erfart baksida av den Norske medaljen. Eg har -sist i 2016… -sete på isolat 17.mai i psykisk helse «vern». Tvangsmedisinert 13. mai 2016. Utgang torsdag 19 mai… ei lita runde ut. Fredagen 20. mai vart eg sendt ut på permisjon over helga mot min vilje.. Budde då på Hotell i Molde, og var suicidal. Det var ein kamp hele helga. Eg budde i 5. etg. med balkong. -Det var berre å hoppe…-eg var zombie på nevroleptika.

Eg valgte hotell i Molde fordi eg var for sliten og gråtlabil for å reise heim til døtra mi på 20 år. Ho skulle ha sitt liv.

Men: Eg er stolt av å ha oppdratt ei datter som elsker 17. mai, som stolt kler seg i bunaden som mormora sydde og som stråler, -må få med toget, -må treffe vener og -må feire!

Mi mistru har eg klart å halde for meg sjølv fram til ho vart voksen nok og fram til ho sto trygt i seg.

 

I år kjente eg ein smule ro og glede over 17. mai. Eg brukte tid på ein god frokost, helsa dei unge god tur til byen. Ikledde meg bunaden og gjekk ei god runde med Kompis (hunden min) på byfjellet.

Lytta til toget og til programmet på Utstillingsplassen, og kjende på ei ro -og på ei glede.

 

Eg bryr meg om borna i Gaza, og Israel må slutte. Det er fole det som skjer der. Mykje verre enn det eg og mine har erfart. Men vi lever i Norge. … Eg kan ikkje engasjere meg på alle fronter. Men om ikkje stemma mi hadde tilhørt dei tvangsbehandlingsutsette ville mitt engasjement vore -for barn i krig.

-Eg støtter Leger utan grenser økonomisk.

 

Men tilbake til Norge og 17. mai.

Mi ro og endelige glede over 17. mai 2024 trur eg handler om Høgsterett si vurdering. Eg kan endelig få lov å føre saka. Er det greit å bli utsett for tvangsbehandling -i høve til sunn fornuft (er juss fornuft?) -menneskerettar og FN sine konvensjoner.

 

4 Rettssaker mot Staten før vi får lov å føre saka…(Tingretten, Lagmannsretten og to runder i Høgsterett) -Staten -Kven er Staten? Eg trudde Staten var der for folket? Den Staten (Regjeringsadvokatane -dei er mange) -er ein knallhard motpart. Dei gir ikkje ved dørene. -Eg har pro bono advokater som tek saka mi innimellom betalte oppdrag. -Når dei har kapasitet, dei jobber gratis for meg. (Stor takk)

-I siste runde i Høgsterett kom alle regjeringsadvokatene innom -eg trur ikkje dei gjorde det på fritida si? Mine advokater sat der utan betaling medan Mads Andenæs og ICJ Norge førte saka i Høgsterett.

 

Då eg var barn gjekk eg i «Donna koret» på Hareid. Vi sang «17. mai er jeg så glad i» med slik ein innlevelse! No i 2024 kjende eg litt (om enn i tvil) på den kjensla eg hadde som barn? I Donna koret…. Høgsterett let oss prøve saka frå 2013 til 2021. Takk! Tidlegare høgsterettsdommar Jens Edvin Skoghøy debatterer i Rett24 om kvifor ikkje saka mi blir prøvd i høve til Grunnlova! Skoghøy er ein nestor innan juss i Norge. For meg betyr dette at saka mi/vår blir sett heilt der -langt -oppe i systemet! Og det var Den Stoltheita eg kjende på 17. Mai 2024! Derfor har eg hatt ein stolt og god 17. mai 2024! Endelig.

-Ei stemme til dei stemmelause, ei stemme for «mine» som ikkje lenger er -og sist men ikkje minst -ei stemme for dei som er fanga i nevroleptika og som derfor ikkje evner å finne/kjenne den dei er… OG FOR AT DEI SOM ER UNGE I DAG, IKKJE SKAL MØTE EIT TVANGSBEHANDLINGSREGIME/ TVANGSMEDISINERINGSREGIME -MI BØN, OG MITT HÅP.

 

 

Innlegget til Inger-Mari Eidsvik sto først på hennes facebook-side 19. mai 2024.

Inger-Mari Eidsvik har sammen med Merete Nesset gått til søksmål mot staten for de menneskerettsbruddene og krenkelsene psykiatrien har påført dem gjennom tvangsmedisinering, isolasjon og tvangsbehandling over mange år.

Det har vært fire runder i retten for å avgjøre om saken i det hele tatt skal prøves for norsk rett. I siste runden i Høyesterett vant de frem med at begge søksmålene skal bli behandlet i tingretten. Delene av søksmålene som skal opp i tingretten er påstand om brudd på Den europeiske menneskerettskonvensjonen og brudd på FNs konvensjon om sivile og politiske rettigheter, ikke Grunnloven. Det er kun tvangstiltak iverksatt i 2013 og senere som skal behandles.

Staten ved Helse- og omsorgsdepartementet må betale 550 000 kr samlet til saksøkerne til dekning av sakskostnader til nå.