1000 underskrifter mot nedlegging av BET-avdelingen overlevert til styreleder i Vestre Viken

WSOBlogg, CRPD, Nyheter

«Slik vi ser det, handlar dette også om korleis vi forstår og behandlar menneske som strever med det vi kallar psykiske lidingar. Det handlar om menneskeverd, menneskesyn, verdiar, valg, sjølvbestemmelse og autonomi.
Ikkje minst handlar det om menneskerettar, og den urovekkande auken i bruk av tvang i norsk psykiatri, og ei utvikling som viser at mykje av det vi gir av psykisk helsehjelp, manglar dei resultata vi ønsker.»

Overlevering av mer enn 1000 underskrifter til støtte for BET døgnavdeling ved Blakstad sjukehus

En av initiativtakerne til kampanjen Viviann Kihle Karlsbakk og WSO ved Mette Ellingsdalen overleverte 1057 underskrifter til klinikkdirektør Kirsten Hørthe og styreleiar i Vestre Viken Siri Hatlen, 21.10.2024

Viviann Kihle Karlsbakk delte dette budskapet for Styret i Vestre Viken;

Eg kallar meg ofte ein psykiatri-overlevar. Eg er også ein av initiativtakarane til underskriftskampanjen mot nedlegging av BET døgnavdeling ved Blakstad sjukehus.

Denne saka har engasjert bredt. Både fagfolk, politikarar, tidlegare BET-pasientar, Likestillings- og diskrimineringsombudet LDO, brukerorganisasjonar, tidlegare spesialrapportør i FN Danius Puras, Mad in America v/ Robert Whitaker med fleire, har stilt seg uforståande til at dette kan skje.

Engasjementet viser oss også at dette handlar om meir enn BET-avdelinga på Blakstad sjukehus. Det handlar om den utviklinga vi ser innan psykisk helsetenestene, og at vi i Noreg i for liten grad tar internasjonale krav og føringar for framtidas psykisk helsetenester på alvor.

Til trass for at BET har blitt løfta fram som eit eksempel for psykisk helsehjelp både av Europarådet, FN og WHO, står vi i dag i ein situasjon der Vestre Viken Helseforetak har vedtatt at tilbodet ikkje lenger skal bestå som eiga døgnavdeling.

Det inneber at vi er vitne til enda ei nedlegging av eit lovpålagt medisinfritt behandlingstilbod i Noreg.

Dette rammer særleg ei gruppe pasientar som i stor grad har blitt marginalisert og ofte gitt opp innan psykisk helsetenestene våre, og som no mister eit tilbod som er utvikla og retta nettopp for å hjelpe denne gruppa.

Slik vi ser det, handlar dette også om korleis vi forstår og behandlar menneske som strever med det vi kallar psykiske lidingar. Det handlar om menneskeverd, menneskesyn, verdiar, valg, sjølvbestemmelse og autonomi.
Ikkje minst handlar det om menneskerettar, og den urovekkande auken i bruk av tvang i norsk psykiatri, og ei utvikling som viser at mykje av det vi gir av psykisk helsehjelp, manglar dei resultata vi ønsker.

Eit viktig spørsmål blir: kva slag psykiske helsetenester skal vi ha i framtida?

BET viser korleis vi kan jobbe systematisk for å utvikle og forbetre tenestene våre innan psykisk helse. Dei viser korleis vi i stor grad kan redusere bruk av tvang, og samtidig redusere medikament.

Den kompetansen BET har utvikla gjennom fleire tiår, treng ikkje berre å reddast frå nedlegging, men i tillegg bør den utvidast, implementerast og bli tilgjengeleg innan tenestene over heile landet!

WSO har også sendt brev til Vestre Viken