Tekst av Tormod Hvidsten Gjedrem

En personlig tekst

 Vi vil gjerne ha tekster fra dere medlemmer i WSO-posten. Hvis dere har en tekst dere vil dele, kan dere sende den til post@wso.no

 Her er en ny tekst fra Tormod Hvidsten Gjedrem:

 

«Kjære Gud,

Eg veit ikkje ken som orkar lese, like eller synse noke som helst om alt det rare eg skriv.

Eg skriv lell. Eg gjer en lang faen i dekadens, kjære Gud. Den båten har gått kjære Gud. Folk får tru og tenke presist som dei vil kjære Gud. Så får dei svara for sitt når deira dag kjem, kjære Gud. Eg orkar ikkje bekymra meg for deira skit, kjære Gud.

Dette er meg. Nå er eg her.

Alt har ein terapeutisk verdi, kjære Gud, ellers melder jeg meg ut kjære Gud. Heilt ut, kjære Gud. Livet er altfor kjært og for kort til å ikkje bry seg, ikkje våge, ikkje puste, synge, jobbe, danse og beskrive, kjære Gud. Stort sett det eg kann kjære Gud.

I det minste skriv eg som mitt eige testamente kjære Gud. Til mitt eige samvitte. Som min eigen brutale terapi. Som å ha ein samtale partner, hjå deg, min telefon Gud. Ikkje på poliklinisk på Bryne, kjære Gud. Hjelper det noke? Syntes du det? Kan du beskrive dette, kjære Gud? Stirre i ein kvit vegg kjære Gud? Ka tenker du, einsame Gud?

Halvparten av maten eg spis, kjære Gud – får eg gratis, da den har gått ut på dato, kjære Gud. Det vil då seie, kjære Gud, at eg på ein måte spis fra søppla, kjære Gud.

Dette skjer daglig på Ålgård, på mitt kjøkken, og i min kropp kjæraste Gud, mens folk klagar i media på ein liten formuesskatt, snille Gud.

Dersom vi opprekteleg ville dele godene, og væra greie med einannan, kjære Gud, så ville vel verden sett mykje annerledes ut, er du ikke enig, kjære Gud?

Eg spis om kapp og i strid med Syrere, Ukrainere, utstøtte, narkomane, prostituerte og sjuke kjære Gud. Eg får vondt i magen kjære Gud. Eg maktar ikkje meir, kjære Gud.

Djupt inne, om enn ikkje innerst, så vil eg berre få døy, kjære Gud. Det er ei brutal ærlig sanning fra meg kjære Gud, og eg skjemtes dypt av å sei det kjære Gud, men det er mykje meir ei sanning en at du skulle finnast einsam i ei gammal bok kjære Gud.

Eg ynskjer dypt innerst å bli gammal og grå, kjære Gud, men dette er for drøyt kjære Gud.

Kjære Gud, kven stemmer du på? Gje oss i dag eit nytt rettferdig pengesystem for heile vakre verden kjære Gud.

Er det nok kjære Gud? Korleis skal me halda ut dette, kjære Gud?»

 

av Tormod Hvidsten Gjedrem

styremedlem i WSO, fra Ålgård i Rogaland.